Alle barn som søkte har fått barnehageplass

Unsplash

Våren er ei aktiv tid i barnehagen. Ei av oppgåvene for å rigge oss for nytt barnehageår, er samordna barnehageopptak.


Nytt frå oppvekstområdet våren 2024

Ørsta kommune har felles barnehageopptak (i tråd med Lov om barnehage og forskrift om opptak til barnehage), og i år har vi barnehageplass i 10 barnehagar; sju kommunale og tre private. Ved søknadsfrist hadde vi 116 nye søkarar. 106 av desse med rett til barnehageplass. I år fekk nesten alle søkjarane tilbod om førstevalet sitt.

Ørsta kommune har for tida ledige barnehageplassar frå august 2024.

Kontakt

Irene Yksnøy Lianes rådgjevar barnehage
46824228
@ Irene Yksnøy Lianes

Følg oss