Alle arbeidstakarar, født i 1958 eller seinare, må jobbe lenger før dei rettmessig kan gå av med alderspensjon i folketrygda. Aldersgrensa vil auke omtrent eitt år for kvart tiår framover. Dette betyr at er du født i 1978 må du stå i jobb til du er 69 år og er du født i 1988, må du stå i jobb til du er 70 år.
Dette får konsekvensar for feieyrket. Med alderen aukar risikoen for fall seier John Olav Nilsen frå bedriftshelsetenesta. Når ein rundar 60 skjer noko med kroppen, hovudet jobbar saktare og litt ubalanse kan raskare føre til fall. For ein feiar, som ofte jobbar på tak, vil eit fall få store konsekvensar.
Feiaren er godt nøgde med å kunne halde seg i rekkverk heilt opp til pipa.
Ørsta kommune
For at feiaren skal kunne stå lengre i jobb er det no sett krav om rekkverk på alle feietilkomstar.
Etter forskrift om brannforebygging §6-2 skal rekkverket ha ei minimumshøgde på 900 mm, og minst vere montert på ei side av takstigen. Kravet trer i kraft frå og med 1.april og vi vil jobbe med å følge opp kravet. Vi håper samtidig at innbyggjarane ser viktigheita og får det i orden så snart som mogleg.
Vi set pris på forståinga og samarbeidet ditt i denne saka. Saman kan vi sikre eit trygt og berekraftig arbeidsmiljø for tilsette.