Bålforbod frå 15. april til 15. september
Illustrasjonsfoto.
Ørsta brann og redning
Minner om at det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark frå 15. april til 15. september. Dette gjeld heile landet.
Samtidig minner vi om at det heile året er det ulovleg å gjere opp eld på ein slik måte at det kan føre til brann, dette gjeld også i private hagar.
Eingongsgrill og bålpanner
Ver varsam med bruk av dette. Sørg for at eingongsgrillen er sløkt og kald før du kastar han på eigna stad. Ved bruk av bålpanner gjeld dei same reglane som ved brenning av hageavfall. Brenn kun tørr og rein ved eller bruk grillkol.
Viktige ting å tenke på når ein skal brenne bål og/eller grille
All bruk av open eld skal skje på ein forsvarleg måte. Ta også hensyn til andre.
- Avstand til brennbar vegetasjon.
- Kva kan antenne? Fare for gneistar i lufta?
- Værforhold. Døme: Vind, vindretning og vindstyrke.
- Har eg tilgang på tilstrekkeleg sløkkemiddel om det skulle vere behov?
- Ikkje forlat området før bålet/grillen er sløkt og kald.
- Det er den som har tent opp som er ansvarleg for at elden ikkje kjem ut av kontroll.
Publisert 15.04.2025 13:44