Alle godkjente barnehagar i Ørsta kommune samarbeider om opptak av barn i samband med søknad om barnehageplass.
Ørsta kommune har frå 01.08.25 seks kommunale og tre private barnehagar.
1. mars hadde vi fått inn 129 søkarar. Av søkarane var det ti med barnehageplass som ønskte overflytting til annan barnehage. I tråd med Lov om barnehage var det 101 av søkarane som har rett til barnehage.
Dei aller fleste fekk innfridd sitt førsteval om barnehage, men i år var det fleire av søkarane som fekk tilbod i annan barnehage enn den dei hadde på førstevalet sitt.
Vi har fleire barn som ønskjer barnehageplass frå januar 2026. Desse har ikkje fått tilbod i hovudopptaket då dei ikkje har rett til barnehageplass jf Lov om barnehage.
Desse vil bli ståande på ei venteliste og vil få tilbod om barnehageplass dersom det blir ledige plassar.