Besøk av Hedvig Montgomery

Hedvig Montgomery montgomery.no

Ørsta kommune er så heldig å få besøk av psykolog Hedvig Montgomery, og har derfor arrangert felles foreldremøte, og studiedag for tilsette, med temaet livsmeistring.   

Vi tenker det er viktig at både foreldre og tilsette i barnehagane får høyre Hedvig og få auka sin kompetanse knytt til korleis vi felles kan hjelpe borna i sin kvardag, med si livsmeistring.

Livsmeistring er også tema for utviklingsarbeidet alle barnehagane arbeider med, i samarbeid med Høgskulen i Volda.

Fullsett sal

Foreldremøtet vart raskt fullt. Det betyr at Hedvig møter ein fullsett sal på Ørsta kulturhus både på foreldremøtet måndags kveld og når dei tilsette i Ørstabarnehagen skal ha studiedag tysdag på dagtid.

Alle barnehagane i Ørsta er då med andre ord stengde tysdag 18. mars.

  • Kven er Hedvig Montgomery?

    Hedvig Montgomery er ei av Noregs mest anerkjente psykologar og er spesialist innan familie- og par terapi. 

    Ho er deleigar i praksisen Montgomery AS og står bak den internasjonale bestelgande bokserien «Foreldremagi.» Serien er oversett til 23 språk. I samarbeid med avisa Aftenposten har ho ansvar for podkasten og spalta «Foreldrekoden.» 

    I tillegg har Montgomery lang erfaring i arbeid med TV-produksjon og oppfølging av menneske som opplever medieeksponering.

Følg oss