Bør Ørsta og Volda kommune slå seg saman?

5 på gata Ørsta - Audun Myklebust

 Vi har stilt spørsmålet til fem ørstingar og fem voldingar. Først ute med å svare er Audun Myklebust frå Follestaddalen i Ørsta og Solveig Haugen frå Volda

Audun Myklebust, Follestaddal, Ørsta

- Ja, Ørsta og Volda bør slå seg saman. Vi har behov for fagspesialistar og då må ein vere mange. Og så trengst det meir variert arbeidsliv.

5 på gata Volda - Solveig HaugenSolveig Haugen, Volda

- Eg er veldig usikker. Eg er ikkje absolutt i mot, men er ikkje sikker på om det er noko å hente heller, bortsett frå det Sanner kjem med. Eg har ikkje teke eit endeleg val enno, men eg skal stemme. 

 

 

Følg oss