Berknes Maskin AS starter arbeidet i Strandagata måndag 21.mars. Vi ber om at alle viser omsyn slik at det ikkje oppstår farlige situasjonar som kan skade deg sjølv eller andre, det er avsperra av ein grunn.
Arbeidet vil halde på framover til sommarferien i dette området, men vi vil varsle på heimesida når vi flyttar/endrar på køyremønsteret slik at publikum slepp å få for mykje ulemper med omkøyring og endring.
Omkøyring
Det vert omkøyring i S-Svingane frå E-39. Det vert open veg ca inn til Elektroservice AS/ ØB-rør sitt inngangsparti, men med redusert breidd. Det vert også ope slik at ein kan køyre ned mot sjøen og innover til dei p-plassane som er der til Mattilsynet og andre som er i desse bygga. Målet er å ha ein veg open enten frå aust eller vest etter kvart som jobben blir utført. Om nokre veker vil det som vart bygd i fjor få asfaltdekke, vi vil då kunne opne opp igjen dette partiet.
Omkøyring merka med grønt.