Endring i kommunale vass- og avløpsgebyr

Bildet viser nokon som fyll eit glas med vatten frå ei kran på kjøkkenet. - Klikk for stort bilete Jacek Dylag / Unsplash

Ørsta kommunestyre vedtok ny forskrift for vass- og avløpsgebyr i november 2022, med overgangsordning for forbruksgebyr for vatn og avløp fram til 1. juli 2023.

Forskrift for vass- og avløpsgebyr i Ørsta kommune ligg tilgjengeleg på Lovdata.no.

Det er gjort endringar i korleis kommunen reknar ut stipulert forbruk på vatn og avløp. Fram til no er det teke utgangspunkt i bruttoarealet på all bygningsmasse på eigedomen, multiplisert med ein faktor på 0,65. Frå 1. juli vert det teke utgangspunkt i bruksarealet berre på bustaden, multiplisert med ein faktor på 0,82.

Dette vil ikkje føre til endringar i gebyrinntektene til kommunen, men vil føre til at fleire abonnentar får ein auke eller nedgang i sine forbruksgebyr.

Kommunen har henta opplysningar om bruksareal frå matrikkeldata der dette er tilgjengeleg, elles er det brukt tidlegare oppmålingar/opplysningar frå heimelshavarar. Bruksarealet er alle målbare plan inne i bygninga, i tillegg til opne areal med overbygg (som carport og liknande) jf. TEK17 § 5.4.

Dersom det er gjort endringar på bygget, eller om du av andre grunnar meiner vi har feil opplysningar om bruksareal, kan du klage på dette.

Send skriftleg klage på e-post til postmottak@orsta.kommune.no, eller pr. brev til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.

Følg oss