Fagdag om kreftomsorg med fokus på pårørande

Nina Ulstein

Fagdagen i Ørsta kommune den 2. april fokuserte på kreftomsorg og pårørande, med inspirerande innlegg frå helsepersonell og pårørande. 

Tusen takk til Ingeborg, Anders og Inge for at vi fekk moglegheita til å lage ein fagdag der pårørande vert sett i fokus! Vi i Ørsta kommune er svært heldige som har kreftkoordinator Solfrid Simones DeCrane, ho skal også ha stor ære for at denne fagdagen vart så god. 

Med godt samarbeid mellom kreftkoordinator Solfrid og avdelingsleiarane i heimetenesten Laila Bjørkedal og Nina Ulstein, er vi stolte av å ha gjennomført ein fagdag med godt fagleg innhald, 150 påmelde og nydeleg song og musikk. Vi vil også rette ei stor takk til kjøkkenet på Ørstaheimen v/ Silje for nydeleg bevertning. 

Dagen vart starta og avslutta med nydeleg song og musikk av Mari Ann Vattøy (diakon Ulstein) og Marie Austerheim (organist Ørsta).  Ingeborg Aam fortalde rørande om deira erfaring med helsevesenet som pårørande..

Anett Skorpen Tarberg, kreftsjukepleiar og førsteamanuensis NTNU, hadde flott innlegg om pårørande og deira omsorgsoppgåve - Korleis har dei det eigentleg? Eline Heltorp prosjekleiar kreftkompasset, hadde eit gripande innlegg om det å vere pårørande og eiga erfaring med det å vere kreftsjuk - og tida etter som frisk. Merete Kløvning  orienterte om si rolle som pårørande koordinator i Ålesund kommune.

Margit Lousie Holte tidlegare sokneprest i Ulstein, hadde fint innlegg om korleis møte mennesker i krise og sorg."

Med alle desse gode foredragshaldarane fekk vi ein raud tråd gjennom heile dagen. Vi er svært stolte av å ha gjennomført denne dagen, og vi setter stor pris på alle dei gode tilbakemeldingane som vi har fått.

Registrering Nina Ulstein Frukost Nina Ulstein Nina Ulstein Nina Ulstein Nina Ulstein Nina Ulstein Nina Ulstein Nina Ulstein Nina Ulstein Nina Ulstein

Følg oss