Ferdig signerte avtalar med alle grunneigarane om gangvegen Mosflata–Melsgjerdet

Bildet viser utsikt frå melsgjerdet mot mosflata, Ørsta sentrum og Ørstafjorden. - Klikk for stort bilete Thomas Winther Leira

 

Ørsta kommune og Møre og Romsdal Fylke har i dag, fredag 10. mars, signert dei siste avtalane med grunneigarane og alt er no klart for at arbeidet kan starte allereie etter påske.

«Dette er ein gledens dag», seier ordførar Stein Aam.

Vi vil no nytte tida framover til å få på plass kontrakt med entreprenør og andre formalitetar slik at vi er klar til å sette spada i jorda så snart det er mogleg.

Ørsta kommune vil takke alle grunneigarar for at dei ser viktigheita av å få gjennomført dette trafikktryggingstiltaket.


Vedtak i Samferdselsutvalet

Fyrste mars 2023 vart følgjande vedteke i Samferdselsutvalet i fylket: «Samferdselsutvalet ser at det er rom for å dekke den fylkeskommunale delen av gang- og sykkelvegprosjektet fv. 655 Melsgjerdet – Mosflatevegen (rekna til 8,43 mill. kroner) innanfor vedtatt investeringsramme i 2023, og det er dermed ikkje behov for kommunal forskottering fram til 2026.»


Strekninga Åmas–Vatnevegen

Samferdselsutvalet ber og om at planlegginga av den vidare gang- og sykkelveg held fram i 2023. Slik at det opnar opp for moglegheita for å bli gang- og sykkelveg frå Åmås til Vatnevegen ved neste rullering av økonomiplanen.

Følg oss