Dei har lagt bak seg ein fase framgangen har vore stor og veldig synleg. Målet har vore å få bygget tett til ferien. Og det har dei klart.
Etter ferien vert arbeidsstokken auka, når arbeidet innomhus startar opp. Det vil vere nokre arbeidarar på plass også i ferien for å gjere klart til neste byggefase.
Ordføraren var invitert saman med kommunedirektør, byggeprosjektgruppa, oppvekst og driftseininga. Dei fekk ei omvising på byggeplassen og fekk sjå det nye utearalet som vert laga til mellom nybygget og resten av skulen og første høgda i nybygget.
I august er det duka for kranselag. Då vert det lagt opp til ei meir omfattande synfaring, der media også vert invitert.
Eldar Øye