
På personalseminaret i mai fekk tilsette i Ørsta kommune sjå kor verdfullt det er å arbeide for å oppnå ein heiltidskultur. Ørsta kommune skal ha ein heiltidskultur der heile stillingar er det naturlege. Heiltidskultur er avgjerande for at kommunen kan møte kompetansebehov i framtida.
Heiltidskultur og store stillingar vil gje stor positiv verdi, både for arbeidsgjevar, arbeidstakarar og framfor alt for innbyggjarar og brukarar.
Gneist-gruppene i dei tre piloteiningane er dei som har laga denne filmen til personalseminaret, der dei fortel om gevinstane som vil kome av ein heiltidskultur. Informasjons- og servicekonsulent Vilde Moltudal Igland har hjelpt oss med å lage filmen.
Pilotprosjekt
Ørsta kommune tek del i lærlingsnettverk for heiltidskultur, der kommunen er pilot i eit prosjekt saman med Ulstein kommune, og i regi av KS Møre og Romsdal. Kommunen har peika ut tre pilot-einingar til denne prosessen: Hjørundfjordheimen, Bu og habilitering (tenesta for utviklingshemma) og Barnas Vel barnehage.
KS-konsulentar støttar oss og gir oss opplæring i prosessen, og KS sine OU-midlar gir oss økonomiske rammer til å gjennomføre prosjektet. Pilotane skal utvikle modellar som resten av organisasjonen kan lære av når dei skal finne sin eigen veg mot ein heiltidskultur.
Gneist
Gneist-gruppene, som er sette saman av einingsleiar, plassverneombod og plasstillitsvald(e) er sentrale i arbeidet med heiltidskultur. Dei skal vere motorar for omstilling på arbeidsplassane, og vil vere viktige aktørar saman med alle dei tilsette for å finne dei gode virkemidla og gode løysingane.