Historisk val - røysterett for 16 åringar!

Historisk val - Ørsta ungdomsskule.jpg

Rådgjevande folkerøysting om kommunesamanslåing mellom Ørsta og Volda gir for første gong alle som har fylt, eller som fyller, 16 år i løpet av 2016 og som står oppført i manntalet røysterett under eit val i Ørsta kommune.  På Ørsta ungdomsskule var det stor oppslutning under førehandsrøystinga i føremiddaga.

Du kan fortsatt røyste på førehand. Fram til og med fredag 13. mai kl 15.30 kan du førehandsrøyste på servicekontoret på rådhuset i Ørsta. Torsdag 12. mai er det også langope til kl 18.00 slik at du kan få gitt di røyst etter vanleg arbeidstid. 

Sjølve folkerøystinga vert gjennomført torsdag 19. mai 2016.   

 I Ørsta kommune er det høve til å røyste på følgjande stader:

Sentrum krins                         Ørsta bedehus                       kl 09.00 – 21.00

Hovden krins                          Hovden skule                         kl 09.00 – 20.00

Dalane krins                           Dalane skule                          kl 13.00 – 20.00

Vartdal krins                           Vartdal skule                          kl 13.00 – 20.00

Sæbø krins                            Sæbø skule                            kl 13.00 – 20.00

Bjørke krins                            Forsamlingshuset Haukly      kl 13.00 – 18.00

Hugs å ta med legitimasjon. 

Følg oss