Informasjon om tenesta matombering

Ørsta camping

Kommunestyret har vedteke Kvailtetstandard for helse og omsorgstenestene. Slik standard skal medverke til rett nivå på tildeling av tenester i tråd med gjeldande lovverk. Samtidig vert det jobba med Heilskapleg innsatstrapp, ein strategien for korleis framtidas helsetenester vil sjå ut. Her vert også nivået i tildeling av tenester med omsyn til omsorgsbehov tydeleggjort.

Eit av kommunalområdet helse, omsorg og velferd sine 15 omstillingstiltak for 2025 er endring av matombering.
Det er om lag 150 personar som får bringa middag frå Ørstaheimen etter søknad og vedtak. Maten vert laga på Ørstaheimen, vert pakka og levert varm.

I samsvar med kvalitetstandarden vert alle vedtak vurdert på nytt:
Matombering eller utlevering av varm middag er ei behovsprøvd teneste som skal bidra til å førebygge eller gi bistand ved ernæringsvanskar.

Utdrag frå vår brosjyre:
Kva er matombering?
Matombering er ei behovsprøvd teneste. Det vil seie at du må søkje til kommunen om å få dette innvilga.
Formålet med tenesta er at du kan bu lengst mogleg i eigen heim.

Søknadsskjema finn du på heimesida til kommunen.

 På bakgrunn av dette vert alle vedtak gjennomgått, og ny kartlegging vert gjort. I dei tilfella ein vurderer at vedtak skal endrast, vil dei det gjeld få førehandsvarsel som dei har 14 dagars uttalerett på. Først etter at dei 14 dagane har gått, vil det verte fatta nytt enkeltvedtak i saka.
Nokre av våre brukarar har behov for 1 til 1 bemanning. Desse har personell saman med seg gjennom dagen slik at dei kan gjere innkjøp og lage mat saman. Alle skal ha tilgong på eit varmt måltid kvar dag, gjerne i fellesskap med andre. Slik skal det framleis vere også for dei som bur på BakkOla-marka.

 Det vil kome meir informasjon om tilboda og aktivitetar på BakkOla-marka etter påske.

 

Kvalitetsstandard for helse- og omsorgstenester i Ørsta kommune

Følg oss