Informasjon til fakturamottakarar i Ørsta kommune

Ørsta kommune, og dei andre kommunane på Søre Sunnmøre (Volda, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og Vanylven), gjekk frå 01.01.2022 over til Visma som økonomisystem.

Fakturablankettane til Visma inneheld ikkje girodel. Dette er likt for alle i heile landet som har dette programmet og diverre ikkje noko vi kan endre på.

Vi har tre alternativ til kundar som fram til no har brukt giro/brevgiro:

  1. Kontakte banken og få oppretta avtalegiro på dei aktuelle fakturaene. Gjerne med varsling på sms, eller papir.
  2. Fylle ut blanke giroblankettar. Blankettar kan ein få utdelt i banken, ved Servicekontoret, Ørsta rådhus, eller tilsendt pr. post. Kontakt då ev. servicekontor eller økonomiavdelinga. E-post: fakturamottak@orsta.kommune.no
  3. Sparebank 1 Søre Sunnmøre har gitt klarsignal om at ein kan sende inn fakturaen i staden for giro. Det som er viktig er at det tydeleg kjem fram avsendar- og mottakarkonto, beløp, KID og at følgjesetel er signert med korrekt tal på faktura.

Bankane har ulik praksis og vi bed difor kundane ta kontakt med eigen bank for hjelp og rettleiing.
 

Telefontid hos økonomiavdelinga

Ørsta kommune innfører telefontid hos økonomiavdelinga (kommunekassa) til dei som ynskjer å snakke med nokon ang. årsoppgjer, faktura og liknande. Det er innført ringetid kl. 13.00–14.00 (kvardagar). 
 

Har du andre spørsmål er sentralbordet tlf. nr. 70 04 97 00 – opningstid 10.00–14.00. 

Følg oss