Dette er eit forskingsprosjekt i regi av Nordisk råd som har gått over fleire år, og Ørsta vart kontakta av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal i september 2021 som ønskte at vi deltok som ei pilotkommune i prosjektet. Det vart utvikla eit scenario for ei tenkt hending i Ørsta sentrum som var nytta i samband med Statsforvaltaren sitt arbeid med ny FylkesROS, og vi la til rette for at prosjektet arbeidde med utgangspunkt i jordskredet i Årsetdalen på Vartdal m.m. Ørsta er eit av 8 delprosjekt i Norden.
Forskargruppa er interesserte i korleis vi bur oss på naturkatastrofar, korleis vi varslar befolkninga, og elles korleis vi førebur oss på klimaendringane. Ørsta fekk moglegheita til å vise fram vårt arbeid med beredskap og dei utfordringane vi står overfor når det gjeld skredfare. Dei fekk også informasjon om gjennomførte tiltak og statlege støtteordningar.
Nokre av forskarane var her også i september i 2022 då dei hadde samtalar med innbyggarar på Vartdal/Årsetdalen og i Barstadvik, for å lære meir om Ørsta si erfaring med flaum og styrtregn.
Gunnar Wangen, Ingeborg Bjørneset og Ulf Rognstad presenterte arbeidet vi har gjort, og gjer, her i Ørsta, med fokus på risikovurdering, beredskap og skredsikring.
Etter presentasjonen fekk forskarane synfaring på Fonnvernet. Dei var også på synfaring i Årset-dalen på Vartdal og såg på spora etter jordskredet, og i Barstadvika og såg på spora etter den store flaumen der. Gruppa var heldigvis kledd til ruskevêr, for denne dagen bøtta det ned.
Gunnar Wangen, Ingeborg Bjørneset og Ulf Rognstad presenterte arbeidet vi har gjort, og gjer, her i Ørsta, med fokus på risikovurdering, beredskap og skredsikring.
Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune
Forskarane kom med mange interessante spørsmål, og dei hadde med seg eit lite film-team som skal lage ein dokumentarfilm av prosjektet.
Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune
Ulf Rognstad leda synfaringa på Fonnvernet.
Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune
Forskarane kom frå University College Copenhagen, RISE Research Institutes of Sweden, Lund University, University Centre of the Westfjords, UiT og NTNU.
Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune
Ingvild Marie Taraldset / Ørsta kommune