Kommunar på sørlandet lærer av Barnas Vel i Ørsta

t.v. Hilde Oterholt, verneombod og Ida Brudevoll, leiar i Barnas Vel.




Ørsta kommune tek del i læringsnettverk om heiltidskultur saman med Ulstein kommune og KS Møre og Romsdal, og peikar seg ut blant få i landet som har teke med ein barnehage, Barnas Vel,  i dette arbeidet. 


Heltidskultur i barnehage og skule

Tradisjonelt har arbeidet med å skape heiltidskultur peika på helse- og omsorgsyrka, men det viser seg at deltidskulturen har fått store konsekvensar for kvaliteten innanfor oppvekstområdet også.

KS Agder inviterte Barnas Vel til å kome til ei samling for kommunar på sørlandet og fortelje om arbeidet i pilotprosjektet. Barnehagen sitt arbeid vart møtt med stor interesse og begeistring. Styrar Ida Brudevoll og verneombod Hilde Oterholt viste til arbeidsgjevarpolitikken i kommunen, og fekk svært gode tilbakemeldingar på arbeidsgjevarstrategien og at arbeidet med heiltidskultur er godt forankra der.

Dei fekk også fram kor viktig trepartsarbeidet i Gneist-gruppene på einingane er i dette arbeidet. I barnehagen handlar heiltidskultur om å sikre kvalitet og kompetanse, slik at barnehagen når måla i samfunnsmandatet. Borna skal oppleve livsmeistring. Alle barnehagane i Ørsta tek del i utviklingsprosjeket Saman om Ørstabarnehagen, og Barnas Vel har gjort satsinga på heiltidskultur til ein viktig del av sitt kvalitetsprosjekt. Barnas Vel og Ørsta kommune fekk ros for det arbeidet som er lagt ned og som vi skal halde fram med i åra som kjem.

Følg oss