Kommunedelplan for kulturminne og -miljø. Fastsett planprogram
Ørsta formannskap handsama og fastsette i møte 12.04.2016 planprogram for Kommunedelplan for kulturminne og -miljø. Føremål med planen er å gje ei oversikt over kulturminne og kulturmiljø i kommunen, og identifisere kulturminne av lokal verdi som er viktige å ta vare på for framtida og korleis ein best kan gjere dette. Planprogrammet skildrar føremål med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegg for medverknad og behov for utgreiingar. Føremålet er å gjere planprosessen mest mogleg føreseieleg
Publisert 03.05.2016 15:34