Kommunestyret vedtok intensjonsavtalen mellom Ørsta og Volda

 volda orsta banner.jpgEit samrøystes kommunestyre har vedteke intensjonsavtalen om å slå saman kommunane Volda og Ørsta med økonominotatet som vedlegg. Tidslinja er derfor oppdatert med folkemøte, elevmøte og andre arrangement fram mot rådgjevande folkeavrøysting 19. mai 2016.

Det er laga ei interaktiv tidslinje for dei ulike arrangementa og milepælane i kommunereformprosessen for Ørsta og Volda.

Vedtaket som blei gjort i kommunestyret 21.04.2016:
 
1. Ørsta kommunestyre vedtek Intensjonsavtale om slå saman kommunane Volda og Ørsta, 
datert 15. mars 2016. Økonominotat, datert 15. mars 2016 er vedlegg til avtalen.
 
2. Under føresetnad av likelydande vedtak i Volda kommunestyre, vedtek Ørsta kommunestyre 
å legge intensjonsavtalen til grunn for rådgjevande folkerøysting 19. mai 2016.
 
3. Kommunestyret tek ikkje i denne saka stilling til om Ørsta kommune skal halde fram som eiga 
kommune eller slå seg saman i ny og større kommune. Dette skal kommunestyret ta stilling 
til i juni 2016.

Følg oss