Kulturprisen 2022 vert tildelt - Vartdalsstranda generasjonskorps
Vartdalsstranda generasjonskorps
Møre-Nytt
Vartdalsstranda generasjonskorps har vore ein kulturinstitusjon i fleire tiår. Musikantane er barn, ungdom, vaksne og eldre som kjem saman for å dyrke ei felles interesse.
Spennet i alder frå 7 til 77 år er eit viktig element, der gjensidig respekt og samarbeid rår. Korpset spreier musikkglede på tvers av generasjonar i bygdene langs Vartdalstranda.
Ørsta kommune vil verdsetje og heidre denne innsatsen med tildeling av kulturprisen 2022.
Kulturprisen er eit diplom og ei pengegåve på 20.000 kroner. Tildelinga skjer i kommunestyret 15. desember. Då vert også den formelle grunngjevinga presentert.
Publisert av Elisabeth Sæbønes
Publisert 24.11.2022 14:11