Kulturprisen 2024 vert tildelt Marta Lystad Johansen
Kulturpris vinnar 2024 Marta Lystad Johansen.
Privat
Levekårsutvalet har i møte 20. november (64/24) vedteke at fotograf Marta Lystad Johansen får kulturprisen for 2024.
Kulturprisen er eit diplom og ei pengegåve på 20.000 kroner. Tildelinga skjer i kommunestyret 12. desember. Då vert også den formelle grunngjevinga presentert.