Kommunestyret vedtok på møte 15. juni at ny kontingent frå skuleåret 2023/2024 vert 2300 kroner pr år, dette betyr ein reduksjon på om lag 40%!
I tillegg vart det vedteke hausten 2022 at rabatt frå og med plass nr. 2 skal vere på 25%, mot 5% tidlegare.
Kulturskulen er svært glade for at vi no har teke eit stort steg når det gjeld å senke den økonomiske terskelen for å kunne delta på kulturskulen sine tilbod!
"Vi er i desse dagar i gong med inntak av nye elevar for komande skuleår, og det er stor pågong på nokre fag. Heldigvis får vi også auka antal elevplassar med hjelp av dei løyvde midlane frå kommunestyret, dette vil hjelpe oss å møte pågongen og få fleire elevar inn på dei faga det gjeld," seier tenesteleiar Hans Robert Bondhus.
Han legg til "På fag som messing- og treblås, stryk og visuell kunst ser der ut til å vere litt ledig kapasitet, så det er berre å søke, vi tek i mot søknader fortløpande!"
Les meir om tilboda til kulturskulen.
Søknadsskjema finn du her