Marte Jelle blir ny NAV-leiar

Bildet viser eit portrettbilde av Marte Jelle. - Klikk for stort bileteMarte Jelle Privat

Marte Jelle har takka ja og er no tilsett som leiar for NAV Ørsta-Volda.

Etter 15 års erfaring frå barnehagesektoren og ei avslutta mastergrad i Samfunnsplanlegging og leiing er Marte no motivert for å nytte denne kunnskapen på ein ny arena.

Jelle fortel at «NAV sitt samfunnsmandat er det som først og fremst trakk meg til denne jobben. I tillegg har eg vakse opp i Ørsta og kjenner lokalsamfunnet i Ørsta og Volda godt. Eg gleder meg veldig til "å kome heim", sjølv om at eg ikkje er busett i kommunen lenger.»

Vidare fortel Marte at ho fyrst og fremst ser fram til å bli kjent med dei tilsette ved lokalkontoret, dei to kommunane og NAV regionalt.

«Det er omlag halvparten av befolkninga i Noreg som har behov for stønad frå NAV, av ulike årsakar. Vi går også ei framtid i møte der vi kan sjå for oss fleire brukarar og strammare budsjett, ei auka omstillingstakt i arbeidsmarkedet, samt auka forventningar og moglegheiter hjå brukarane. Dette ser eg fram til å kunne være med å påverke i tida som kjem gjennom god og strategisk bruk av ressursar», legg ho til.

Marte startar i månadsskiftet september/oktober etter at ho har avslutta noverande arbeidsforhold, som styrar i Læringsverkstedet AS, og avvikla litt ferie.

Følg oss