Meir og variert uteleik på skulen - Leikepatruljekurs

Torsdag 5. september deltok 33 elevar og fire Ørstaskulelærarar på Leikepatruljekurs med to tilsette frå Sunnmøre Friluftsråd i Ørstahallen

“Målet med Leikepatruljen er å bidra til at barn i alle aldrar leikar ute og at leiken i skulegarden er full av mangfald. Slik kan elevane skape liv, latter og leik og vere med på å gjere skulen til ein trygg og god stad å vere.” - Sunnmøre friluftsråd

Leik har ein unik eigenverdi, og heng saman med rørsle, samhandling og læring. Gleda av den sjølvstyrte leiken ute i skulen er sentral.

Leikepatruljen er ei inspirasjonssamling for elevar, som er del av prosjektet  «Slå på ringen – uteleik for betre folkehelse» i regi av Sunnmøre friluftsråd.

Prosjektet "Slå på ringen" frå Sunnmøre friluftsråd har tre tilbod til skulane - klikk på lenkene for å lese meir:

Leikepatruljen – inspirasjonssamlingar for elevar
Prøvekaninane  – verkstad for dei tilsette i skulen
Digitalt digg – forsyn deg fritt med leiar frå Youtube-kanalen!

Følg oss