No kjem purringar og inkassokrav digitalt frå kommunen

IllustrasjonsbildeDette gjeld utsendelse av purringar og inkassovarsel på alle kommunale rekningar. Du får krava i den digitale postkassa di; det gir fleire fordelar.

Digital post

Før 20. april blei alle purringar og krav om inkasso frå kommunen sendt ut på papir. Dette hamna i dei vanlige postkassene til folk. Breva blir no sendt til den digitale postkassa til innbyggaren. Det vil seie enten Digipost eller eBoks. NB! Breva hit vil ikkje blir sendt ut på papir i tillegg. 

Du blir varsla på e-post eller SMS når du mottar post digitalt.

Dersom du ikkje har valt ei digital postkasse, blir brevet sendt til deg i Altinn. Dersom brevet ikkje blir opna i Altinn innan to kvardagar, blir brevet sendt ut på papir. Bruker du verken Digipost, eBoks eller Altinn, blir brevet sendt direkte ut på papir.

Altinn blir også brukt av firma, lag og foreiningar som er registrert i Einingsregisteret i Brønnøysund. Desse får berre tilsendt brevet digitalt.

Her kan du lese korleis du opprettar digital postkasse.

Dersom du ikkje ynskjer digital post, kan du reservere deg i Kontakt- og reservasjonsregisteret, eller ringe 800 30 300. Dersom du har reservert deg mot digital sending, får du brevet berre på papir. Reservasjonen kan endrast.
 

Fordelar

Det er fleire fordelar med å motta posten digitalt. For det første er det ein trygg måte å motta dokument på. Dette er ekstra viktig for sensitive opplysningar. I tillegg får du samla alle viktige dokument på ein stad. Snart kan du få alle viktige brev frå det offentlege til den digitale postkassa. Den er også lett tilgjengeleg på Internett. Digital post kjem også raskare fram til deg. I tillegg sparar digital post det offentlege for store utgifter. Kvart år vert det brukt fleire hundre millionar kroner berre på porto. I tillegg har redusert papirforbruk og posttransport ei positiv effekt på miljøet.
 

Kontakt

Hjelp til digital postkasse finn du i fylgjande lenkje: Vel digital postkasse. Trykk på "Trenger du hjelp?" for brukarstøtte.

Dersom du har spørsmål om purring eller inkassokrav frå Ørsta kommune kan du sende ein epost til innfordring@orsta.kommune.no. Du kan også ringe sentralbordet på telefon 70 04 97 00 og seie kva det gjeld. Då blir du sett over til rett person.

Følg oss