Ny kommunalsjef for helse, omsorg og velferd
Renathe Rossi-Kaldhol
Ørsta kommune melder at vi har tilsett ny kommunalsjef for helse, omsorg og velferd. Renathe Rossi-Kaldhol, har takka ja til stillinga og vil tiltre 1. september.
Rossi-Kaldhol kjem frå tilsvarande stilling i Herøy kommune og har lang erfaring som leiar i helsesektoren. Som kommunalsjef vil ho gå inn i kommunedirektøren si leiargruppe saman med ass. kommunedirektør, to andre kommunalsjefar, økonomileiar og personalleiar. Vi ser fram til å få ho med på laget. Saman mot nye høgder!
Sist endra 13.01.2023 12:44