Ny rasfarekartlegging i Ørsta kommune

Skredfarerapport.jpg

Asplan Viak AS har, på vegne av NVE, utarbeidd ny skredfarekartlegging for fire område i Ørsta kommune.

Rapporten fastset grensene for 100-års, 1000-års og 5000-årsras rundt Ørsta sentrum og nordsida av Ørstafjorden, Årsetdalen på Vartdal, Grøthaugen i Follestaddalen og for Bondalen. Rapporten tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. 

Ørsta kommune er førebels ei av få kommuner som er prioriterte i eit nasjonalt kartleggingsprosjekt. Rapporten vil vere til stor nytte ved arealplanlegging, i byggjesaker og i beredskapsarbeidet.

Meir informasjon finn du på NVE sine heimesider. Rapporten er tilgjengeleg i menyen til høgre.

Følg oss