Ørsta har blitt sertifisert Skravlekoppkommune!

Illustrasjonsfoto: Skravlekopp - Klikk for stort bileteIllustrasjonsfoto: Skravlekopp

Ørsta er den fyrste kommunen i Møre og Romsdal til å bli sertifisert Skravlekoppkommune.

Skravlekopp er eit prosjekt med mål om å auke bevisstheita rundt korleis vi møter kvarandre og førebygge og redusere einsemd i samfunnet. Tid, tilgjengelegheit og rausheit står i fokus. I Ørsta kommune har vi skravlekoppar, skravlebenkar, mange engasjerte personar.

Skravlekopp er ein grøn kopp som står saman med dei andre koppane på utvalde kafear, kantiner og gode møteplassar. Om du vel å drikke frå ein Skravlekopp, viser du andre i lokalet at du gjerne snakkar litt med nokon medan du drikk. Målet er at alle som ønskjer det lettare skal få seg ein prat. Vi planlegger også å arrangere skravletreff på dei ulike møteplassane, og nokre av kafeane har eigne skravlebord.

Ørsta kommune har fått tildelt midlar frå Statsforvaltaren til å bli Skravlekoppkommune. Med desse midlane har vi utvikla noko heilt nytt; Skravlebenken. Tanken er den same som med koppen, dei som sit på ein Skravlebenk viser at dei gjerne skravlar litt med andre. Småjobbsentralen har laga nokre Skravlebenkar til innandørs bruk.  Ørsta ungdomsskule skal få den aller fyrste Skravlebenken i Noreg, både elevar og lærarar gler seg til å få ein benk som oppmuntrar til skravling og inkludering.  

Dei som har blitt med på prosjektet til no er Aktivitetssenteret Bakk-Ola-marka, innsats for andre på Ørsta ungdomsskule, Fru Svendsen kafé, Møteplassen aktivitetssenter og kafé, Småjobbsentralen, Kaihuset og Ørsta kyrkje. I tillegg er Rebecca Riise og Bente Hjertenæs med som skravlekoppambassadørar.

 

Kva skal vi prate om?

 

Vil du bli Skravlekoppambassadør eller ha Skravlekoppar på møteplassen din?

Det er alltid rom for at fleire kan bli med på Skravlekopp-prosjektet! Ønskjer du å få Skravlekoppar eller Skravlebenkar til møteplassen din? Eller kanskje er du gla i å prate med folk og vil bli ein av Ørsta sine Skravlekoppambassadørar?

Då kan du ta kontakt med Stine Terese Vatne Riise, Anneth-Olinn Lianes eller Eve Lis Eikrem, som er ansvarlege for Skravlekopp i Ørsta kommune.

Følg Skravlekopp - Ørsta kommune på Facebook for nyhende og informasjon om skravletreff. 

Kontakt

Stine Terese Vatne Riise miljøterapeut/ergoterapeut
90254673
@ Stine Terese Vatne Riise
Anneth Olinn Lianes miljøterapeut
47706737
@ Anneth Olinn Lianes
Eve Lis Eikrem spesialpedagog og kunstnar
@ Eve Lis Eikrem

Følg oss