Ørsta på 1. plass i fylket og 2. plass i landet på "Åpenhetsbarometer 2023"

Illustrasjon: Åpenhetsbarometeret 2023 Pressens offentlighetsutvalg og Kommunal Rapport

Pressens offentlighetsutval og Kommunal rapport har granska kor opne kommunane i Norge er; i kva grad gir kommunane tilgang til politiske dokument og sikrar at journalistar og folk flest får innsyn i forvaltninga og dei politiske beslutningane?

Pressens offentlighetsutvalg og Kommunal Rapport har dei tre siste åra saman undersøkt korleis kommunane legg til rette for openheit i kommunane, og korleis dette blir etterlevd i praksis. Resultata blir presentert i Åpenhetsbarometeret.

Pressens offentlighetsutvalg og Kommunal Rapport uttalar at det er kommunane som i  størst grad legg forholda til rette for en open og opplyst offentleg samtale, slik Grunnlovens § 100 krev. "Dei har gjennomgåande gode system og løysingar for å sikre openheit og innsyn, som gir folket god tilgang til politiske dokumenter."

I kommunen har vi blandt anna som mål å ha gode postlister, opne politiske møte og gi raske svar på innsynskrav.

For 2023 kjem Ørsta særs godt ut i rapporten; for heile landet ligg vi på ein delt 2. plass og deler førsteplassen i Møre og Romsdal med Volda kommune.  

Åpenheitsbarometeret 2023

Følg oss