Reknehuset sertifisert som Miljøfyrtårn

Reknehuset AS blei hausten 2023 Miljøfyrtårn. Onsdag 20. desember vitja ordførar Per Are Sørheim og miljøvernrådgjevar Magnar Selbervik dei for overrekking av det offisielle Miljøfyrtårn-diplomet. 

Ordførar som sjølv nyleg har vore med på tilsvarande sertifisering i Wattn gratulerte dagleg leiar Geir Høydalsvik og peika på at fokus og dokumentasjon på miljø og digitalisering er heilt avgjerande for bedrifter som satsar framover i dag.  

Det å bli miljøfyrtårnsertifisert handlar i hovudsak om bedrifta sitt arbeid rundt klima, miljø og arbeidsmiljø. Det handlar om kva vi ikkje gjer, men også korleis vi kan bli enno betre på det vi allereie gjer, seier Geir Høydalsvik, dagleg leiar i Reknehuset si avdeling i Ørsta.

Gjennom å bli sertifisert ønskjer vi å gå føre som eit godt eksempel. Og kanskje kan vi inspirere andre til å bli Miljøfyrtårn også. Når det gjeld arbeid med miljø kan ein lett tenke at ein er små og har liten påverknad i det store bildet, men «mange bekkar små, gjer ei stor å» hevdar Høydalsvik.
 

Miljøfyrtårn

Hovudfokuset til eit Miljøfyrtårn er miljø; korleis ein mellom anna kan forbetre seg på avfallssortering, straumforbruk og innkjøpsrutinar. Det handlar også om den fysiske arbeidsplassen og arbeidsmiljøet. 

Reknehuset sine 17 tilsette har mellom anna gjennomført førstehjelpskurs, kurs i brannsløkking og ergonomisk gjennomgang av arbeidsplassen med erfarne fysioterapeutar. 

Vidare fortel dei at: Ved at vi sjølve har gått gjennom prosessen med ei sertifisering, sit vi på nyttig kunnskap vi gjerne deler med andre. Vi ser ting på ein annan måte og har fått ei anna bevisstgjering. Berekraft og fokus på miljø vil vere ein stadig viktigare del av det å drive næring og har betydning for verksemder si konkurransekraft i åra framover. Ein kan fort få tankar om at ein skal «redde verda». Men for oss handlar dette om å kunne vere ei lita brikke i noko større. Vi har sett på område der vi  meiner å ha størst påverknad. Når vi for eksempel ser på dei ti største innkjøpa, korleis blir varene frakta, avfall handtert og så vidare, vil ikkje dette berre ha betydning for miljøet, det vil også ha økonomiske betydningar som kan ha positiv effekt rett på botnlinja. 

Arbeidet med fokus på berekraft og miljø stoppar ikkje opp etter at vi er sertifiserte. Å arbeide med berekraft er ein kontinuerleg prosess. For oss er det viktig å gå føre som eit godt eksempel og vi håper å kunne inspirere andre til å bli miljøfyrtårnsertifisert og arbeide mot eit berekraftig samfunn, avsluttar Høydalsvik.

Følg oss