Illustrasjonsfoto.
Ørsta kommune
Møtet finn stad i kommunestyresalen på Ørsta rådhus kl. 18.00–20.00.
Administrasjonen vil informere om investeringsbudsjettet og framskriving av lånegjeld, og vil svare på spørsmål innsendt på førehand. Etter orienteringa legg ein opp til arbeid i grupper, og administrasjonen vil vere tilgjengeleg.
Frist for å sende inn spørsmål til administrasjonen er måndag 4. desember kl. 15.00.
Møtet blir ikkje strøyma då dette ikkje er eit ordinært kommunestyremøte. Møtet er ope for pressa og andre interesserte.
Lenkje til Høyring - Budsjett 2024 Økonomiplan 2024-2027