Sikring mot takras

Illustrasjonsbilde; tak med mykje snø.

Oppfordring til eigarar av hus eller grunn mot offentleg stad.

Vinteren er her for fult og det har kome mykje snø og is på taka våre. For å sikre tryggleiken til alle i kommunen, er det viktig at vi alle tek ansvar for å hindre takras.

Det er huseigar sitt fulle ansvar å syte for at ingen vert treft av slikt. Her er kva du kan gjere i tråd med §12 i forskrift om politivedtekt:

  • Sette opp avvisarar: Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal du straks sette opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg å ferdast der.
  • Rydding av tak: Sørg for å rydde taket for snø og is så snart som mogleg.

Ved å følgje desse enkle stega, bidreg du til å halde Ørsta trygg og triveleg for alle. Takk for at du tek ansvar og hjelper til med å unngå farlege situasjonar!

Lovdata - Forskrift om politivedtekt for Ørsta kommune

Følg oss