Tindepanorama på Hjørundfjordheimen

Bildet viser to eldre personar som studerar eit panoramabilde av Hjørundfjord-fjella. - Klikk for stort bilete Oddhild Haugen Øye

Pårørandegruppa ved Hjørundfjordheimen har kjøpt inn eit tre meter langt tindepanoramabilde av fjorden og tindane, som no er hengt opp på Hjørundfjordheimen.

Det er sponsing frå Sparebank1 som har gjort dette innkjøpet mogleg. Panoramabildet har namnet «Tindepanoramabilde frå Hustadneset» og er tatt av fotografen er Karl Otto Kristiansen frå Ålesund. 

No har dei fasiten på heile fjellrekka som er merka med namn og høgdemeter.  

– Motivet er fantastisk og er no kome på rette plassen! Alle er godt nøgde med resultatet, seier Oddhild Haugen Øye. 

Hjørundfjordheimen takkar fotografen og Sparebank1.

 

«Tindepanoramabilde frå Hustadneset» av fotograf Karl Otto Kristiansen frå Ålesund. Oddhild Haugen Øye

Følg oss