Vil du bli vår nye Stikk UT!-kunstnar?

StikkUT!

Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal søker etter ny kunstnar til årets Stikk UT!-krus og -skåler. 

Tidlegare har Arne Nøst og Signe Louise Aasen dekorert Stikk UT!- krusa og -skålene. No vil vi overbringe stafettpinnen til ein ny kunstnar.

Jobben er ikkje veldig godt betalt, men det når ut til eit stort publikum. I 2023 hadde Stikk UT! 40 000 deltakarar der alle som hadde gått sju turar eller meir kunne bestille krus i premie til seg sjølv. Vi sel omtrent 3 000 krus og 2 000 skåler i året. Vi håpar å få presentert årets motiv og kunstar på Stikk UT!-kartet som sendast ut til alle husstandar i Møre og Romsdal + Heim kommune i Trøndelag siste veka i april. Det betyr at vi må sette 15. mars som frist på innsending. For den kunstnaren som blir valt ut, er det høve til forlenging.

Om motivet og kunstnaren: 

  • Konkurransen er open for både profesjonelle kunstnarar og amatørar 
  • Motivet skal vere relatert til friluftsliv 
  • Motivet må kunne overførst til trykk på porselen
     

Slik deltek du 

  • Last ned mal frå Porsgrund porselen: skål og krus 
  • Teikn inn ditt forslag til motiv, bruk 2-3 fargar 
  • Send inn saman med en kort presentasjon av deg sjølv til liv@stikkut.no
  • Innsendingsfrist 15. mars
     

Utvelging og premie 

Ei prosjektgruppe som består av Stikk UT!-ansvarlege i friluftsråda, samt to Stikk UT!-kontakter frå kommunane vel ut motiv/ kandidat som skal lage årets motiv. Kunstnaren som blir valt mottek kr 10 000 i honorar for arbeidet i 2024.

Mvh Hilde Ellingsæter, Sunnmøre friluftsråd og Liv Synnøve Hoel, Nordmøre og Romsdal Friluftsråd

Kontaktinformasjon: Liv@stikkut.no | tlf.nr. 936 85 408

Følg oss