Vis omsyn i vegarbeidsområdet - senk farta!!

Bildet viser eit 50sone skilt ved vegarbeidsområdet på Mo. - Klikk for stort bileteHer er det 50sone. Ørsta kommune

I samband med bygging av gangvegen langs FV 655 frå Mosflatevegen til Brungotvegen opplever ein ofte at det vert køyrt veldig fort i arbeidsområdet.

Ørsta kommune og Aurstad Tunnel AS ber alle respektere skiltinga og gi seg betre tid, det kan fort skje ei ulykke.

Skuleborn og andre mjuke trafikantar må gå langs vegen i arbeidsområdet inntil gangvegen er ferdig.

Det går føre seg mykje anleggsarbeid frå tidleg på morgon til seine kveld, desse har krav på ein trygg arbeidsstad. Det får dei om vi alle tek omsyn.  

Følg oss