Møt sentralt foreldreutval for barnehage (FUB)

 


For: Foreldre til born i Ørstabarnehagen
 Dag: Mandag 26. august
 Kl: 18.00 - 20.00

Foreldra er dei viktigaste personane i barnet sitt liv og dei aller viktigaste samarbeidspartnarane til barnehagen.

Gjennom dialog mellom foreldre og barnehagepersonalet blir det skapt tillit, slik at det gode samarbeidet blir etablert.

FUB: Foreldra si rolle

  • Korleis kan du som forelder vere med på å påvirke innhaldet i barnehagen?
  • Korleis kan du som forelder ha betydning for ditt barn i barnehagen?
  • Korleis kan du vere viktig både for barnet ditt og barnehagen?

Mandag 26. august, frå kl 18.00 – 20.00, er du invitert til møte om dette på Ørsta kulturhus.
På møtet vil Lou Cathrin Norreen frå Foreldreutvalet for barnehager (FUB) fortelje oss kva FUB er, kvifor foreldresamarbeid er viktig og korleis eit godt samarbeid kan betre innhaldet i barnehagen.

 

Du er viktig for barnet ditt!

Vel møtt!

Følg oss