Nasjonal meldingsportal for barnevernet

Foto: Cheryl Holt / Pixabay  

Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid tek i bruk digital løysing for å sende inn bekymringsmeldingar.

I samarbeid med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har KS laga ei nasjonal løysing der alle meldarar, både privatpersonar og offentleg tilsette, enkelt kan sende bekymringsmeldingar digitalt til barnevernet på ein sikker måte. Løysinga er ein del av Digibarnevern.

Den digitale løysinga skal sikre raskare og tryggare innsending av bekymringsmeldingar og betre kvalitet på innhaldet. I løysinga er det to ulike skjema, eitt for privat meldar og eitt for offentlege tilsette.

Brukarane loggar seg inn på portalen, skriv inn i skjema og sender inn bekymringsmeldinga. Løysinga vil etter dette levere bekymringsmeldinga direkte til barnevernstenesta sitt  fagsystem.

Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid har tatt i bruk Svar Inn og Svar Ut løysing i sitt fagprogram og kan både ta i mot og sende ut post elektronisk.

 

Meld frå til barnevernet

Om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde frå til barnevernet. Du treng ikkje vere sikker på at noko er gale før du melder frå. Når du har sagt i frå, er det barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgast opp. Dei aller fleste som får hjelp av barnevernet, får hjelpa i heimen.

 

Kontakt

Felles barnevern Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid
70058800

Følg oss