Forsinka faktura på kommunale eigedomsgebyr

For deg som har månadleg fakturering kjem faktura på kommunale eigedomsgebyr seinare enn vanleg i januar.

Illustrasjonsbilde.

På grunn av endringar og oppdateringar som skal gjerast på kommunale eigedomsgebyr ved overgangen til eit nytt år, vil fakturaen for januar kome seinare enn vanleg. Vi gjer ekstra merksam på at eigedomsskatten for januar først vil kome med på fakturaen for februar.

Vi jobbar med å få ut fakturaen så snart som mogleg, men den vil ikkje kome ut før tidlegast i veke 2. 

NB! Forfallsdato vil likevel ikkje verte endra (forfall er 28. i kvar månad).

Følg oss