Ta deg gjerne ein tur ut til bustadfelta for å sjå på tomtene. Ønskjer du nærare informasjon om eit område og ledige tomter, kan du kontakte Ørsta kommune ved Arnstein Nupen.
I Sunnmørskart finn du til ei kvar tid oversikt over kva for tomter som er ledige og reserverte. Reguleringsplanar for områda finn du på Ørstakart.no. «Fyrste mann til mølla» -prinsippet gjeld i fordelinga av tomter.
Mosbakkane
Mosbakkane ligg på Øvre Mo, like i nærleiken av Ørsta sentrum. Tomtefeltet har svært gode soltilhøve og flott utsikt mot sentrum, fjorden og fjella ikring. Tomtene har sentral plassering, med kort veg til skular, barnehagar og daglegvarehandel. Området har også fine turmoglegheiter og leikeplassar.
Sjå ledige tomter og tomteprisar i Mosbakkane bustadfelt.
Mosbakkane bustadfelt i 2018.
Osmarka
Osmarka ligg rett sør for Ørsta sentrum, mellom Rystefeltet og Ose, med flott utsikt over sentrum, fjorden og fjella ikring. Tomtene har sentral plassering, med kort veg til mellom anna barnehage, kollektivtrafikk og turterreng. Bustadfeltet er vestvendt med mykje kveldssol.
Sjå ledige tomter og tomteprisar i Osmarka bustadfelt.
Sætrefeltet/Sætremarka, Vartdal
På Vartdal er det ledige tomter i Sætrefeltet/Sætremarka. Vartdal ligg langs E39 i pendlaravstand til mellom anna Ørsta, Ulsteinvik og Ålesund. Langs heile Vartdalsstranda finst det vakre fjell- og turdestinasjonar i tillegg til ei rekkje kultur-, idrett- og fritidstilbod for innbyggjarane. Sætrefeltet ligg i ei solrik åsside litt aust for Vartdal sentrum og har utsikt over Vartdal og Vartdalsfjorden. Frå bustadfeltet er det gangavstand til både barnehage, skule og daglegvarebutikk.
Sjå ledige tomter og tomteprisar i Sætrefeltet/Sætremarka.
Sætremarka i 2018.
Steinholen, Nordre Vartdal
Steinholen ligg på Nordre Vartdal i pendlaravstand til mellom anna Ørsta, Ulsteinvik og Ålesund. Feltet ligg på ei høgde sør for E39 og har utsikt over Vartdalsfjorden mot Hareidlandet og Sulafjorden. Området vender mot vest og er solrikt. Næraste barnehage, skule og daglegvarebutikk er på Vartdal, ein 5-minutters kjøretur unna. Langs heile Vartdalsstranda finst det vakre fjell- og turdestinasjonar i tillegg til ei rekkje kultur-, idrett- og fritidstilbod for innbyggjarane.
Tomtene på Nordre Vartdal har ein svært redusert pris på kr 25.000,- + gebyr.
Sjå ledige tomter i Steinholen på Nordre Vartdal.
Barstadvik
Dei ledige tomtene i Barstadvik ligg øvst i Bergane med fjordutsikt og gangavstand til nærbutikk. Næraste barnehage og skule er på Vartdal, ein 10-minutters kjøretur unna. Barstadvik ligg på Vartdalsstranda langs E39 i pendlaravstand til mellom anna Ørsta, Ulsteinvik og Ålesund. Langs heile stranda finst det vakre fjell- og turdestinasjonar i tillegg til ei rekkje kultur-, idrett- og fritidstilbod for innbyggjarane.
Tomtene i Barstadvik har ein svært redusert pris på kr 25.000,- + gebyr.
Sjå ledige tomter i Barstadvik.