Teamleiar for vegdrift Karl Inge Hauge og byggleiar Kåre Andre Berge informerte om status på prosjekt og utfordringar. Kommunen, representert av ordførar Stein Aam, kommunedirektør Wenche Solheim, tenesteleiar for Teknisk, eigedom og landbruk Ivar-Otto Kristiansen og seniorrådgjevar Gunnar Wangen, gjorde greie for kommunen sine utfordringar, prioriteringar og planar.
Kommunen og fylkeskommunen har mange vegar som møtast og det er derfor særs viktig at ein samarbeidar godt for å få gode og trygge vegar.
«Fylkeskommunen har like stort ynskje om å ha supre vegar over alt, men det er midlane som styrer og det må alltid ei prioritering til», seier Kåre Andre Berge som er byggeleder driftskontrakt 1502 Indre Sunnmøre. Vidare fortel Karl Inge Hauge at det er ein tidkrevjande prosess; Fylkeskommunen må vente på vedtak frå statens vegvesen før dei kan byrje på igangsettinga av planlagt arbeid med skilting.
Vegen over Krøvelseidet er mest kritisk
Krøvelseidet
Ivar-Otto Kristiansen
Tung, hyppig køyring i same spor over lengre tid skapar stor slitasje. Vegen over Krøvelseidet er heilt øydelagt etter tungtransport. Her er det alltid ein drakamp mellom næringa og vegansvarleg for kvar grensa skal gå når det kjem til tung bruk av veg.
Det som er ynskja frå fylkeskommunen er utskifting av masse på heile vegen, men grunna utilstrekkeleg med midlar blir dette utsett. Det som blir gjort er avbøtande tiltak, som vil sei at det blir skrifta ut masse på dei verste partia. Arbeidet vil starte i vår. Det vil under arbeidet blir stengt i periodar for gjennomkøyring – alternativ rute er då Vatnesvingane eller rundt Ørsta. Krøvelsetra vil den i heile perioden være tilgjengeleg anten via Volda eller Ørsta.
Asfaltering av F655 Åmdalsvegen
Åmdalsvegen
Ingvild Marie Taraldset
Ila 2023 blir det asfaltering av vegstrekninga frå Brautaset og om lag opp til krysset inn til Bjørdal, og masseutskifting på dei verste partia.
Asfaltering i Follestaddalen
Moabrauta i Follestaddalen er også aktuell for masseutskifting og/eller asfaltering, men ingen stadfesting på når dette blir enda.
Trafikktrygging
Det er mykje trafikktryggingstiltak som treng fokus. Tre punkt som vart nemnt i møtet er
- gang- og sykkelveg og busstopp knytt til Sæbø skule og barnehage
- vegkrysset Dalevegen–Mosmarkvegen–Anders Hovden-gata
- kantstopp for buss ved legesenteret
Desse og andre trafikktryggingsframlegg blir tatt med til vidare diskusjon og planlegging.
Etter møtet var det synfaring på dei kritiske og omsnakka strekningane.
Ordførar er svært godt nøgd med møtet og synfaringa. Og det blir nytt møte igjen til hausten for å halde den gode dialogen.
Tilstades på møte: Svein Sunde, Kåre Andre Berge, Karl Inge Hauge, Wenche Solheim, Ivar-Otto Kristiansen, Steim Aam og Gunnar Wangen.
Ingvild Marie Taraldset