Omkøyring i Hovdenakken frå tysdag 2. november
Arbeidet med utskifting av kulvert vil gå føre seg frå tysdag 2. november og fram mot helga. Omkøyring til eigedomane som er ovanfor graveområdet må skje via Ørsta skisenter og Statnett sin veg, vidare ned ein privatveg ned til husstandane.
Ørsta kommune må skifte ut flaumskadd kulvert i Hovdenakken. Arbeidet vert starta tysdag 02.11.2021 og vil vare fram mot helga.
Omkøyring til eigedomane som er ovanfor graveområdet må skje via Ørsta skisenter og Statnett sin veg, vidare ned ein privatveg ned til husstandane. Omkøyringsskilt (oransje skilt) vil vise vegen frå skisenteret.
Publisert av Øyvind Rødset
Sist endra 01.11.2021 12:14