Samfunnsutvalet som trafikktryggingsnemnd

Bilde av representantane i Samfunnsutvalet. - Klikk for stort bilete Ingvild Susann Kjøde


Samfunnsutvalet hadde tysdag 25. oktober møte som trafikktryggingsnemnd i tillegg til sitt ordinære møte.

Via skjema på heimesida kommunen har fått inn 118 saker om trafikktryggingsinnspel i Ørsta kommune. I tillegg så har fleire av utvalsmedlemmane fått tilsendt innspel frå publikum.

Arbeidet som er starta opp og blir jobba vidare med, er å systematisere innspela. Dette inneber å kategorisere innspela etter:

  • Kven som eig vegen (stat, fylke, kommune)
  • Kva type tiltak som er naudsynt
  • Behov for regulering
  • Storleik; kor omfattande/kostnadskrevjande det er

Då får ein skilt mellom tiltak som kan gjennomførast raskt, og tiltak som krev meir tid og ressursar.

 

Levande dokument

Målet er å gjere dette til eit levande dokument, eller eit verkty for administrasjonen og for trafikktryggingsnemnda. Siktemålet er å bruke oversikta over innspel som attendemelding til nemnda om kva som er utført og kva som står att og som grunnlag for oppdatering av trafikktryggingsplanen. Planen gjev grunnlag for å søke tilskot frå fylkeskommunen til trafikktryggingstiltak.    

Utvalet ønsker at det skal vere mogleg for publikum å halde fram med å sende inn innspel, at skjema for utfylling vert liggande på heimesida.

Skjema

 

Respektere fartsgrenser og køyre etter forholda

I tillegg til fysiske tiltak, så er det behov for ei haldningsendring. Mange av innspela gjeld høg fart i tettbygde strøk. Ein del innspel går også på hekkar og anna på private eigedomar inn mot vegar og kryss, som hindrar sikt. Utvalet vil oppmode folk til å respektere fartsgrensene og elles køyre etter forholda. Det siste betyr i somme tilfelle å ligge under fartsgrensa grunna manglande sikt. Dei ber også folk om å vere nøye med at hekkar og liknande, ut mot vegar og gater, ikkje hindrar sikt for gåande og køyrande.

Ørsta kommune vil i tillegg jobbe for å få status som trafikksikker kommune.

Følg oss