Sandal AS bygde steindekke i vikegata i 2003, og fortel no at det blir kjekt å knytte prosjekta saman.
Fontena skal stå på Haldeplassen og kan sjåast i frå enden av gågata. «Det er den rette plassen», seier Anne-Mari Øyehaug frå Ørsta Sogelag. Anne-Mari har saman med Bjørn Krøvel og Pål Opsal kjempa i mange år for å få fontena reist igjen. Og håpar at dette igjen kan bli eit samlingspunkt og skape meir liv og røre i gågata.
Fontena skal bli ei kopi av originalen. Det meste blir nytt, men nokon originaldelar som ugla på toppen, drikkehornet og ein glaskuppel er det kanskje mulig å bruke på den nye fontena.
Finansieringa er tredelt mellom Ørsta kommune, Fylkeskommunen og Sparebank1. «Utan Sparebank1 hadde dette prosjektet vert mulgi å få i gang so raskt.» på peikar ordføraren. Sparbank1 stilte med sjekken på 1.380.000 kroner.
Per Ole Reite frå Sandal AS håpar på å starte på bygginga so snart snøen er reist. Og siktar seg inn på at den er ferdig før fellesferien 2023, om alt går som planlagt.
Foto av fontena før den vart riven tidleg på 80-talet.
Om fontena
S.O. Myklebust fekk satt opp drikkefontena midt i krysset mellom Anders Aarsæter-gata og Kyrkjegata (E39) i 1939. Etter kvart vart nok trafikken der i krysset så heftig at fontena vart fjerna i 1973.
Mesteparten av Fontena vart riven og knust, men noko av den vart teke vare på. Ugle-skulpturen på toppen, og «bordet» med «vaskekaret» er bevart. Den sentrale søyla, som ugla vart plassert på toppen av, var støypt og pussa med mineralittpuss. Sylinderen under ugla var i glas.
På eine sida av søyla var det plassert ein bronse-plakett med eit dikt på. På sida av den sentrale søyla var det plassert ei mindre søyle, der det var plassert eit «drikkehorn» ein kunne få reint drikkevatn frå. Under «bordet» var der ei utsparing det rann vatn gjennom og ned i «bassenget» under sjølve bordet.
3D-illustrasjon av fontena plassert på Haldeplassen.