Skal du selje eigedom eller prosjektere draumebustaden? e-Torg gjer det lettare for deg å bestille dokumenta du har behov for, akkurat når det passar deg.
Dette er Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og Vanylven kommunar sin nettbutikk for sal av kart, eigedomsdata og byggesakstenester. Her finn du digitale kart, meglarpakke, 3D-modellar, nabovarsling både på papir og elektronisk, eigedomsinformasjon og mykje meir.
Dette sjølvbetente tilbodet gjer at innbyggjarar og næringsliv kan bestille produkt heile døgnet og det er rask levering. Du får bestilt produkt frå alle 7 kommunane i same portal.
Gå til sunnmørskart e-Torg
Her kan du sjå ein kort video om e-Torg:
Tidlegare i år lanserte Ørsta MinEigedom, og vi er no i gang med å få på plass E-byggesøk saman med kommunane på Søre Sunnmøre.