Slik fyrer du rett Thomas Winther Leira Det er kaldt ute og då er det godt å fyre litt i peisen. Men lurer du på om du fyrer rett? Sjå tipsa under for rett vedfyring. Slik fyrer du rett: Fyr kun med tørr ved og tennbrikkettar. Aldri malt eller impregnert treverk Større vedkubbar i botnen og oppfyringsved på toppen Tenn på toppen God trekk til det har blitt skikkeleg fyr Reguler trekken slik at det brenner med rolege flammar Legg på litt og litt slik at det brenner med rolege flammar NB! Bruk aldri tennvæske, bensin eller andre brennbare væsker i eldstaden. Er ovnen gammel bør den byttast. Nye reintbrennande ovnar gir 30-50% meir varme. Slit du med fyringa har mange eldstadsprodusentar eigen fyringsinstruks. Skulle du få sotbrann – Steng alle lufteventilar, ring 110 og sjekk at sotluka ikkje står mot noko brennbart. Publisert av Ingvild Marie Taraldset Publisert 20.12.2022 12:00