Store brøytekantar kan skape farlige situasjonar

Snøhole i ein oppsamlingshaug av snø kan skape farlige situasjonar. Ørsta kommune   
Leik i brøytekantar og oppsamlingshaugar

No er det mykje snø og mykje brøyting. Det er moro å leike i snøen – men ver varsam på kor borna leikar.

Vi ber foreldre om å tenke over og passe på at born ikkje leikar der det kan vere farlig, dette kan vere t.d. i brøytekantar eller i/ved store oppsamlingshaugar. Det kan oppstå veldig farlige situasjonar om ein brøytebil kjem og skal kvitte seg med snø.
 

Dårlig siktsone

Vi ber køyrande og gåande vere ekstra oppmerksame på at det kan vere dårlig sikt pga høge brøytekantar. Brøytemannskapet gjere alt dei kan, men det er månge stadar det er vanskelig å gjere noko med. Ver derfor veldig oppmerksam når du er ute å køyre eller går at du ikkje har høg fart, ser andre og blir sett.

Følg oss