5. mai er verdsdagen for handhygiene

Unsplash / Clay Banks   
I 2009 definerte Verdas helseorganisasjon (WHO) 5. mai som verdsdagen for handhygiene.

Handhygiene og andre basale smittevernrutinar er våre viktigaste tiltak i kampen mot infeksjonar og antibiotikaresistens i helse- og omsorgstenesta. Den nasjonale markeringa av verdsdagen for handhygiene er derfor eit viktig bidrag til betre smittevern.

Les meir om verdsdagen her.

Under covid-19-pandemien har «forsterka tiltak» nærmast vore den nye normalen. No er tida inne for å løfte fram att dei grunnleggjande og basale smittevernrutinane. Basale smittevernrutinar vert omtalte, med sine elleve tiltak, som grunnsteinane i det smitteførebyggande arbeidet i helse- og omsorgstenesta.

FHI   

Følg oss