Berre 14 prosent kjenner til denne brystkreftrisikoen

Illustrasjonsbilde.

Ei fersk undersøking viser at det er mange i Ørsta kommune som ikkje kjenner til samanhengen mellom alkohol og risikoen for fleire alvorlege sjukdomar. 

– Vi må sørgje for at folk får meir kunnskap om dette, seier Ingvild Endal, folkehelsekoordinator i Ørsta kommune.

Visste du at alkoholinntak aukar risikoen for å utvikle brystkreft? Ei ny undersøking som Ipsos har gjennomført på vegne av alkovettorganisasjonen Av-og-til, viser at det er mange som ikkje er klar over dette.

– Berre 14 prosent i Ørsta kommune veit at alkohol aukar risikoen for brystkreft. Vi er litt overraska over det låge talet, og det gir oss motivasjon til å jobbe for å gi folk meir kunnskap. Helsa vår er trass alt det mest dyrebare vi har, seier Ingvild Endal.

Ho er folkehelsekoordinator i Ørsta kommune, som er ein del av det kommunale Av-og-til-samarbeidet. Målet er å gjere folk meir medvitne på dei risikofylte sidene ved alkoholbruk. Over 4000 kvinner i Noreg blir diagnostiserte med brystkreft kvart år. Heile 220 av tilfella kan skrivast til alkoholbruk. 

– Det er viktig at vi veit korleis vi kan ta gode val for helsa vår. Då treng vi kunnskap, seier Endal.

Ho får støtte av generalsekretæren i Av-og-til, Ragnhild Kaski:

– Forskinga viser at alkoholinntak aukar risikoen for meir enn 200 sjukdomar. Det er dårleg nytt, for svært mange av oss drikk alkohol. Det er viktig at vi ikkje stikk hovudet i sanden no. Kvar enkelt fortener å få vite kva slags risiko han eller ho utset seg for, seier Kaski. 

– Mange gode grunnar til å drikke alkohol 

I undersøkinga som Ipsos har gjennomført på vegne av Av-og-til, har ein også spurt om samanhengen mellom alkohol og andre alvorlege sjukdomar, som tarmkreft og hjarte- og karsjukdomar. Kvart år kan rundt 130 tarmkrefttilfelle skrivast til alkohol, og alkohol aukar også risikoen for hjarte- og karsjukdom. 

– Likevel er det berre 3 av 10 som veit at alkoholinntak aukar risikoen for tarmkreft, og nesten 4 av 10 kjenner ikkje til samanhengen mellom alkohol og hjarte- og karsjukdom, seier Kaski. 

Gjennom historia har fleire studiar vist at alkohol kan gi positive helseeffektar, men etter kvart er det blitt klart at denne forskinga ikkje held vatn. I dag er det tydeleg at alkohol er skadeleg for helsa vår, og at det ikkje finst noko trygg nedre grense. 

– Mange har levd i trua på at litt alkohol kan vere sunt for helsa. Vi har vakse opp med denne myten, så det kan ta litt tid å snu den oppfatninga. Det er ein del av jobben vi prøver å gjere saman med mellom andre Av-og-til, seier Endal i Ørsta kommune. 

Kaski meiner ein bør tenkje gjennom kvifor ein drikk alkohol.

– Det kan vere mange gode grunnar til å drikke alkohol. Nokre liker det for kosen sin del, nokre for smaken, og andre liker å kjenne rusen. Men helsa bør aldri vere ein av grunnane, seier Kaski.

Dei to har noko dei vil seie til alle som er opptekne av si eiga helse:

– At alkohol er så skadeleg for helsa vår, er ei skikkeleg dårleg nyheit! Men den gode nyheita er at kvart einaste glas vi kuttar ut, gjer godt for helsa. Kanskje kan det vere ein liten motivasjon til å la vere å ta den siste ølen, den siste shoten eller det siste vinglaset?  

Kontaktinformasjon
Ragnhild Kaski, generalsekretær i Av-og-til 
Telefon: 411 01 621 
E-post: ragnhild@avogtil.no

Ingvild Endal, folkehelsekoordinator og Av-og-til-koordinator i Ørsta kommune
Telefon: 917 65 389
E-post: ingvild.endal@orsta.kommune.no

Kontakt

Ingvild Endal folkehelsekoordinator/kulturkonsulent
91765389
@ Ingvild Endal

Følg oss