Eldrerådet takkar Inger Liadal for innsatsen Torsdag 1. desember hadde eldrerådet i Ørsta sitt siste møte i 2022. I den forbindelse ønska dei å uttrykke si takksemd ovanfor Inger Liadal som har vore kommunedirektøren sin representant i desse møta. På takkekortet stod det: Som seksjonsleiar for omsorg og sjukeheim har du vore rådmann/kommunedirektøren sin representant i eldrerådet sine møter. Dette bad eldrerådet om og fekk gjennomslag for denne ordninga. Takk for at du har rettleia og informert eldrerådet på ein god og stødig måte. Takk for at du har teke godt vare på våre eldre på «heimane». Vi ønskjer deg alt godt og god jul og godt nyttår. Ørsta eldreråd. Leiar for eldrerådet, Toril Langlo, kom i tillegg med munnleg helsing der ho la vekt på Inger si evne til å drive folkeopplysning, å forklare kompliserte ting på ein lettfatteleg måte. Publisert av Ingvild Marie Taraldset Publisert 15.12.2022 10:00