Torsdag 26. oktober inviterte Ørsta kommune til bustadmesse i regi av Husbank-prosjektet «Leve heile livet i eigen bustad». Bustadmessa var open for alle og den var godt besøkt av innbyggarar, kommune og politikk, byggenæring, bankar, Husbanken, lag og organisasjonar. Det er eit mål å få innbyggarar i alle livsfasar til å gjere bevisste val for eigen busituasjon. Dette er opp til den enkelte innbyggar, men vi treng også at byggenæring, kommune, politikk og finansinstitusjonar er med på å legge til rette for dette.
I dag er berre rundt 20% av norske bustadar definert som eigna eller tilgjengeleg for personar med nedsett funksjonsevne. Den store andelen ikkje-tilgjengelege bustadar skapar hindringar og vanskar for ein sjølv eller dei nære når sjukdom, ulukke eller aldersrelatert funksjonstap oppstår. Gjennom ei felles forståing kan vi saman jobbe mot større del tilrettelagde bustadar og omgjevnadar som gjer det mogleg for innbyggarane å klare seg sjølv lengst mogleg i alle livsfasar.
Stina Jakobsen / Ørsta kommune
Myndigheitene er opptatt av at så mange som råd kan bu godt heime heile livet og det er også i tråd med folks ønskjer. Det er ofte krevjande og kostbart å gjere endringar i bustaden når behovet er oppstått. Det er difor viktig å planlegge i god tid og bruke vanleg oppussing til å forbetre tilgjengelegheita litt etter litt. Er flytting det beste valet, så begynn tidleg å lage liste over kva som er viktig å legge vekt på. Då er det lettare å ta ei rask avgjerd om eit godt bustadprosjekt dukkar opp. Behova er ulike og løysingane kan vere mange. Det viktigast er å finne det som passar den enkelte.
Var du ikkje der? Her kan du lese om innlegga i programmet:
Opning ved ordførar Per Are Sørheim. Ordførar snakka mellom anna om befolkningsutviklinga, ei aldrande befolkning og at folk ønskjer å bu heime så lenge som mogleg. Berre 20% av norske bustadar er tilgjengelege for personar med nedsett funksjonsevne. Dette må ein ta på alvor og auke talet på tilrettelagde bustadar. Han skisserte fleire løysingar: At folk pussar opp eigen heim til ei universell utforming, at dei går på bustadmarknaden for kjøp osb.
Lisbeth Myklebust og Ingeborg Bjørneset , mor og dotter, er i gang med ombygging av einebustad til generasjonsbustad. Lisbeth fekk tankar om å gjere endringar i høve busituasjon på bustadmessa i 2022, samstundes var Ingeborg på utkik etter å kjøpe eigen bustad. Vi fekk høyre om deira tankar, prosessar, tilretteleggingar og kva som er viktig for dei i framtida.
Aina Tjosås er til dagleg areal- og samfunnsplanleggar og snakka om kvifor bustad og tilgrensande uteområde er så viktig. Tal pensjonistar aukar kraftig i åra som kjem og for første gong vil vi ha to generasjonar pensjonistar på ein gong. Det er også mange som bur aleine og einsemd er ei stor utfordring. Vi treng bustadar som fremmar å klare seg sjølv i størst mogleg grad, uteområde som gjer at ein sjølv mestrar å kome til og frå bustaden og gode møteplassar for å motverke einsemd. Aina oppmodar folk å ta grep i tide og spørje seg sjølv: Kva er viktigast for meg/oss? Kva økonomisk handlingsrom har vi? Kva moglegheiter finnast? Om ein vel å flytte frå ein stor bustad, rår Aina til å flytte via ein mindre bustad, og til slutt flytte i leilegheit slik at ikkje overgangen vert for stor. Dei aller fleste ønskjer å fortsette å bu i nærmiljøet sitt, undersøkingar viser at gjennomsnittleg flytteavstand for dei over 60 år er 2,5 km.
Stina Jakobsen / Ørsta kommune
Ergoterapeutane Monica Gustavsen og Lillian Sætre snakka om korleis ein kan ha ein funksjonell bustad over tid. Dei gjekk gjennom utforming av rom, kva er eit godt bad, plass til rullestol eller rullator, terskelfrie og breie nok dører, alle nødvendige funksjonar på eitt plan og trinnfri adkomst til bustaden. Dei rår til å bruke skjema for funksjonsattest for å gjere vurdering av eigen bustad. Funksjonsattesten vil gje svar på kva som er bra og kva som bør utbetrast i bustaden for auka tilgjenge. www.funksjonsattest.no
Jan Erik Moe og Marit Hubak frå Husbanken snakka om gunstige låneordningar. Privatpersonar og byggebransjen kan låne til oppgradering av eksisterande bustad (krav om energieffektivisering og universell utforming) eller låne til ny bustad (krav om livsløpsbustad og/eller miljøvenleg bustad). Husbanken kan også finansiere burettslag og utleigebustadar med tilvisingsavtale. Kommune eller bransjeaktør som har avtale med kommune kan søke tilskot til utleigebustadar for vanskelegstilte. Det er eigne lån som kan nyttast i kommunale prosjekt. Les meir om Husbanken sine ordningar på www.husbanken.no
Stina Jakobsen / Ørsta kommune
Børge Gundersen og Eli Myklebust frå Ørsta kommune snakka om startlån- og tilskotsordninga. Dette er ei Husbank-ordning som vert forvalta av Ørsta kommune. Kommunen kan gje gunstige startlån utan krav til eigenkapital til personar som over tid har for svak økonomi til lån i privat bank. Søkjar må kunne dokumentere tilstrekkeleg inntekt til å dekke utgifter til lånet og andre nødvendige bu- og leveutgifter. Startlån kan også gjevast for å refinansiere lån dersom ein står i fare for å misse bustaden sin. Kommunen kan i tillegg tilby tilskot til å kjøpe bustad der startlån aleine ikkje strekk til. Har du eller andre i husstanden nedsett funksjonsevne, og behov for å bygge om bustaden? Då kan du søke om finansiering til små eller store ombyggingar, tilpassingar og profesjonell prosjekteringshjelp.
Sparebanken Møre ved Eirik Marius Folgerø og Sparebank1 SMN ved Madsi Vinjevoll snakka om grunnane til at levekostnadar og renteutgifter har auka dei siste åra. Dei gav eksempel på kostnadsdifferanse mellom å eige ein einebustad kontra å kjøpe ny og mindre leilegheit. Her må ein vurdere heile utgiftsbildet og sjå kva utgifter ein får og kva utgifter ein kan redusere som følgje av endringa. Det viktigaste er kva løysing som passer for kva einskild og bankane gjev gjerne personleg rådgjeving. Eigedomsmeglar Sander Øvrelid Myhre presenterte statistikk for bustadmarknaden i Ørsta dei siste åra. Lavrenteregime og høg etterspørsel etter bustad gav ein prisvekst på bustadmarknaden mellom 20-25% over ein toårsperiode. Det har vore god tilførsel av nybygg i kommunen dei siste åra, men det har vore redusert kjøpekraft hos forbrukar. I kombinasjon med bustadutviklarane sin entreprisekost kan dette gje utfordringar i fortsettelsen.
Kristin Nonsvik og Elisabeth Løvland Sund snakka om utvikling av nye butilbod i Ålesund kommune. Utvikling av Daaetunet Omsorgsboliger AS har vore eit breitt tverrfagleg samarbeid internt i kommunen, i tillegg til Husbanken, Rådet for personar med nedsett funksjonsevne, eldrerådet. Dialogmøter med NFU, FFO, Autismeforeningen m.fl. Fått investeringstilskot frå Husbanken, kommunen må mellomfinansiere. Føringar på kven som får kjøpe omsorgsbustad, kjøparane må godkjennast av koordinering og tildeling ut frå gitte kriterier (også ved vidaresalg). Georgrafisk plassering ved Moa/Spjelkavik (8 bustadar for utviklingshemma + 12 bustadar tilrettelagd for eldre) Er døgnbemanna og har fellesareal. Tydelege kriterier i tilbodskonkurransen i høve plassering, Husbanken sine krav, skal vere burettslag, max pris per mnd, max pris per leilegheit ++ Andre prosjekt i regi av Ålesund kommune: Olsvika, Wasmuthgården, Haug Boliger.
Stina Jakobsen / Ørsta kommune
Stina Jakobsen snakka om overgang frå reforma «Leve heile livet» til ny reform «Bu trygt heime». Dei neste 20 åra vert det mange fleire eldre over 67 år og færre yrkesaktive. Talet på eldre over 80 år vil bli nesten dobla dei neste 20 åra. 35% av dei over 80 år har heimetenester i Ørsta. Dei tre viktigaste tiltaka med den nye reforma er: Program for eit aldersvenleg Norge, Eldrebustadprogrammet, Heimetenester, helse-og velferdsteknologi og støtte til pårørande. Ørsta kommune har allereie jobba mykje med bustad det siste året gjennom prosjektet «Leve heile livet i eigen bustad».
Irene Graskopf snakka om Husbank-prosjektet «Leve heile livet i eigen bustad» som vert avslutta i november. Det har vore eit år med mykje informasjonsarbeid om temaet til byggenæring, politisk nivå, kommuneadministrasjon, lag og organisasjonar og gjennom to bustadmesser som har vore opne for alle interesserte. Vi startar no eit nytt Husbank-prosjekt «Innovative bukonsept i Ørsta». Prosjektet tek arbeidet med bustad vidare og vi skal sjå på moglegheit for å utvikle sentrumsnære bukonsept med god alders- og generasjonsblanding. I prosjektet skal ein også utgreie: Fellesfunksjonar/ -areal, møteplassar, nærleik til transport, butikk m.m., personalbase, finansieringsmodellar, kjøps- og leigemodellar, evt etablering av profesjonell privat utleigeaktør. Vi treng brei medverknad frå næringsliv, finans, kommune, politikk, lag og organisasjonar i arbeidet. Mål om utlysing av tilbodskonkurranse.
Lokale utbyggarar og byggefirma presenterte sine planlagde og salgsklare prosjekt + hadde utstilling.
Din Bolig, Norhus Ørsta, Mesterhus, Marina Terrasse, Ørsta Panorama (kun utstilling).
Stina Jakobsen / Ørsta kommune
Stina Jakobsen / Ørsta kommune
Les sluttrapporten